På vidda i Finnmark!

Vi rotar oss bort i snøen. Det bles opp. Snødrevet kjem sidelengs inn hetta og hovudlykta lysar opp eit endelaust kvitt landskap.

Vi er på treningstur med hundespann der sola ikkje skin i vintermånadane. Nye løyper har vorte køyrt opp og vi skal lære dei. Det er dette som er jobben vår. Vi køyrer turistar med hundeslede i Finnmark. No er vi på vidda.

dsc_5510
PÅ VILLE VEGAR: her vart vi stående ei stund…

Svenske Louise sit i sleda, eg er for augeblikket sjåfør og motoren er sju spreke huskyar. Framfor oss har team-france stogga. Lysstrålane frå hovudlyktene til dei to kollegaene bak oss går i alle retningar. Vi veit ikkje kva som skjer. Kvifor har snøskutaren som viser veg stogga i enden av nedoverbakken?

Louise reiser seg frå sleda, stig ut i snøen og sig ned. Ho dreg ein fot opp for å stige ned i nysnøen att. Det er ingen lett jobb å «springe» for å sjå kva som skjer. Eg har begge beina plassert på bremsa. Det rykk i spannet. At eg har kasta ut ankeret hjelp lite. Det har ingen feste i laussnø.

Hundane er utolmodige. Dei snur seg og kikar på meg med blikk som seier «kvifor står vi her?» Mister eg fotfestet, ballansen og grepet, vil dei utvilsomt legge ut på ekspedisjon utan førar.

dsc_5550
SKAL VI GÅ SNART BLIKKET: frå huskyen Floki før vi reiste avgårde.

Louise kjem attende. Ho fortel at snøskutaren sit fast. Dessutan er vi på veg utfor eit stup om vi fortset rett fram. Ho må ta over hundespannet framfor slik at fleire kan hjelpe til med å grave ut snøskutaren.

Det er herved avklart: åtte hundeførarar frå sju forskjellige nasjonar, 22 huskyar og ein snøskuter er på ville vegar på Finnmarksvidda. Vi kjem oss ingen veg.

Det går ei lita evigheit. Kulden føles som nåler mot kinnet. Vi står på ei opa slette kvar vinden har fritt spelerom. Han i spannet bak kjem for å spørje om kva som skjer. 

– Snøskutaren står fast og vi må følge spora. Vi må svinge med ein gong vi tek laust, elles hamnar spanna utfor eit stup, seier eg.

dsc_5517
ETTER HEIMKOMST: Hundane har framleis meir krut!

Det går opp for meg at ingen veit kvar vi er. Er ikkje fjellvettregel nummer ein: sei ifrå kvar du går? Som einaste nordmann føler eg det er min misjon å følge fjellvettreglane. Eg ringer den tyske sjefen min som har norsk mann.

– Hei, det går heilt fint her altså, men ingen veit kvar vi er og snøskutaren står fast. Mest sannsynlig er vi på sporet til Finnmarksløpet, seier eg med ei alt for lystig stemme i snødrevet.

– Eg sender Ørjan ut med snøskuter med ein gong, får eg til svar.

Hundane gjer eit bygs og sleden rykk fleire meter fram før eg klarar å bremse. Vi krasjar nesten inni den fremste sleden.

Det går ei stund før lyden av snøskuter skjer igjennom susinga frå vinden. Ørjan har kome og laga spor tilbake!

dsc_5518
HUNDEGÅRDEN DÅ VI KOM TILBAKE: Eg trur hundane var like glade som oss for å komme i hus.

Fleire bileter frå jobben som hundekøyrar for Kirkenes snøhotell:

dsc_5546
Meg og Elliot!

Langedrag

Kvart steg vi tek etterlet seg spor – i alle fall i nysnø.

Langedrag er heimen til elgar, ulvar, gauper, fjordhestar, klippeduer, geiter, muflonsauer og mange fleire dyreartar. Langedrag ligg omtrent 1000 meter over havet og har utsikt til Tunhovdfjorden på dagtid og stjernene på klare mørke kveldar. Det er staden der dyr står i fokus, men kor ein også har lov til å vere menneskje.

For 13 år sidan hadde eg mitt første møte med Langedrag. Eg skulle på jobbintervju og eigentlig var det vår, men då eg gjekk av bussen på Nesbyen snødde det sidelengst. Ei ung dame henta meg i ein svart bil. Sjølv om praten gjekk laust kjendes bilturen til fjellet lang. På slutten av Langedragsbakken stogga vi for å sjå ville elgar samla rundt ein høyballe som var satt ut til dei. Radioen skurra eller fall ut delar av vegen, men hadde litt signal på slutten. Hellbillies song om ei krasafaren steinbu idet vi køyrde gjennom den opne grinda, og brune kaninar ga full gass over snøskavlane.

Det er ei stund sidan denne snørike vårdagen i 2004. Eg trødde inn i Nystugu med våte fjellsko på eit teppe som tidlegare hadde dekka kroppen på eit høglandskveg. Intervjuet fann stad ved eit trebord. Ei diger utstoppa snøugle og fleire muflonhovud stirra på meg under heile seansen. Korleis eg oppførte meg kan eg berre gjette. Sikkert smilande og fjern ettersom det var mange inntrykk. Etterpå vart eg innlosjert på eit stabbur for overnatting. Då eg skulle sove sa eg til meg sjølv «Ja,ja, om eg ikkje får jobb så er det kjekt å ha vore her». Lite visste eg at Langedragsfolket kom til å sjå meg oftare enn min eigen familie dei kommande åra.

Ein kunde sa til meg i sommar: «Å besøkje Langedrag er som å komme på gardsbesøk til ein slektning». Det er sikkert ein av tankane naturfilmskaparen Arne Nævra også fekk då han besøkte staden og møtte familien Thorson første gong. Nævra filma familielivet på Langedrag på slutten av 90-talet. Dette resulterte i familieserien «Vi på Langedrag» som vart sendt på NRK i år 2001 og etterpå i 2003. ( https://vimeo.com/54388496 )

Rett etter fjernsynsserien vart det turistboom på Langedrag. Folk valfarta for å sjå livsverket til Edvin og Eva Thorson. Det kom som eit sjokk. Familien Thorson og Langedrag var verken forberedt eller utbygd til å ta imot det som vart estimert til å vere 5000-6000 besøkjande dagleg. Det eksakte antalet veit ein ikkje, då mange ikkje fekk med seg kvar dei skulle løyse billett. Ein del snudde også, sidan dei ikkje fann parkeringsplass. Barnebarnet til Edvin og Eva fortalte at då han var ferdig å fòre dyra gjekk han for å spørje folk om dei hadde billett. Mange svarte «nei» og han returnerte med fòrbøtta full av pengar.

dsc_5108
Elgen følgjer nøye med når Anne Grete forklarar om gevir
dsc_5039
Elgkalven Raptus hjelp til med kontorarbeidet

Eg byrja å jobbe i etterdønningane av den verste besøksstormen. I ei lita tømmerhytte med utedo og hems pressa vi plass til 8 jenter. Vi sov på golvet, hemsen og i køyesenger. Ordtaket «Der det er hjerterom, er der husrom» har aldri passa betre. Vi vart godt kjende gjennom sommarmånadane.

I løpet av dei siste åra har Langedrag vorte bygd ut. Edvin og kona Eva, med hjelp frå resten av familien, begynte sjølve bygginga av Langedrag i 1978 og i 1981 stod staden klar til å ta imot dei første leirskuleelevane, og stadig vert nye laftebygg reist. No er ikkje lenger hytta på bakketoppen bustad for dei sommaransatte.

dsc_5072
Vakt-påfuglane utanfor inngangsdøra
img_20160818_200635
Dueungen Asti har hatt eige hjørne på kontoret i sommar.
img_20160912_201729
Kontor-elgen Raptus har holdt til på ei utslått pappkasse då han har trengt «barnepass» av dei kontoransatte.

I ei av mine mange notatbøker på loftet, truleg frå 2007, har eg skrive: Då eg kom i dag la dei ikkje merke til meg med ein gong. Det er sikkert så vanleg at eg er her. Har eg blitt ein del av inventaret? Her er det utstoppa geitebukkhovudet, bileta til Edvin, stativet med utstilte genserar, Wibeke og kaffimaskina. Nok ein vanleg dag på jobb. Dei andre sommaransatte har ikkje kome enda. Det er nokre vinternetter sidan nokon budd i jakthytta no. Det blir ikkje akkurat einsamt framover.

Med over 400 individ som alle har sin personlegdom er ein i godt lag på Langedrag. Eit av mottoa til staden er at Langedrag skal fungere på dyra sine premiss. Over alt sprett det kaniner, påfuglhannen veit ein kvar er på lyden også har ein geitene. Ein merkar seg raskt dyra med sterk vilje og smartheit.

Eg har hatt mest «fightar» med geitene. Dei utvikla seg til å bli reine innbrytar-kongane til både kafeen og butikken. Der dei endevendte søppelbøtter og tagg anna ubevokta mat. Ein var ekspert på å hive seg inn vindauget bak meg i butikken om eg opna det og snudde ryggen til. Elles var og er dei klare til å snappe maten frå alle uoppmerksame. I ein periode hadde enkelte geiter eigne områder og bord dei heldt vakt over. I det offeret sette seg ned sirklar dei rundt med eit uskyldig blikk og slo til når ein minst venta det. Både rømegraut og lapskaus vart slukt på eit blunk og folk fekk knapt summa seg før geitesnuten forsvann oppi krusa for å få seg ein kaffi attpå. Eg har måtte levere ut ein del gratis rømegrautar til forvirra besøkjande for å seie det slik. Geitene med best teknikk har hatt godt av ei slanking då hausten kom.

Noko som straks fasinerte meg då eg byrjar å arbeide i naturparken var at dei to sosialiserte ulvane. Dei kom snikande kvar gong eg gjekk tur rundt innehenginga på kvelden. Begynte eg å springe, sprang dei på innsida. Tok eg ein brå sving, svinga dei med eit ivrig hopp. Slik kunne eg halde på til kondisjonen ga opp.

Men kanskje den største personlegdommen som vandrar laust blant dei besøkjande er rosa-grisen Emma. Med sine fleire hundre kilo og bedagelege tempo evnar ho å sove over alt (gjerne rett ved eller under leikeapparata). Emma har gjort inntrykk. Ho har også eiga fanside på facebook.

_20160912_201125
Grisen Emma er ute på luftetur (ho har forøvrig fire bein ,men bevegar dei svert sakte).

Ein annan gjengangar er fjordingen Munin som opnar både dører og grinder. Det er fleire som har fått seg ein støkk idet dei har slått av alt lys i fjøsen for så å høyrer utdøra knirke seg sakte opp med påfølgande fotsteg.

Noko anna som kan by på forviklingar er dyr oppkalla etter Thorson-familien eller arbeidarar på garden. Det har vore mange artige situasjonar då ein har snakk om eit dyr og dei i kring har trudd det er ein av arbeidarane.

dsc_5103
På ridetur i fjellet
dsc_0856
Hestane døsar i sola
dsc_5091
Lang lang rekke til toppen!

For Edvin Thorson, businessmannen frå Oslo, og kona Eva var Langedrag ein draum som gjekk i oppfylling. Kvar vinter gjekk dei på ski i området og Edvin spurte fleire gonger grunneigaren om å få kjøpe landområdet. Mange meinte denne gamle mannen, som alt hadde nådd pensjonistalderen, kom til å kaste vekk alle pengane han hadde spart opp etter eit langt arbeidsliv. Langedrag var ein utopisk draum.

Eg trur alt startar med ein draum. Det er viktig å ta seg tid til å draume. For å få til ei leveverdig bedrift er det ein god grunnstein at den er tufta på emosjonar. Følelsane må vere i samklang med ideen. Då kan draumar bli oppfylt.

img_20161005_195218
Langedrag i nattemørket

I 2011 døydde både Eva og Edvin med få månadar mellomrom. Paret vart over 90 år gamle og budde på garden til det siste. Utan tvil betydde dyr og natur mykje for dei. Noko som har gått i arv til dottera Tuva og barnebarnet Marie som driv staden no.

img_20140424_162656

dsc_0900
Fjellrevane får besøk!

Edvin sa ofte at «dyr er terapi». Dyr tilførar livet ei større meining og har ingen forutintatte meiningar. Dei responderar på korleis du oppførar deg og der må vere eit samspel. Vi fjernar oss meir og meir frå naturen. I den siste tida har det vore ein trend at folk får auga opp for dette. Langedrag driv med opplysningsarbeid. Ein viktig og ikkje heilt enkel jobb. Det er ein stad for både barn og vaksne, og rett ofte får eg spørsmålet «Kva stad er dette? Har de verkeleg ikkje cola (som om det skulle ha vore det viktigaste i heile verda)?!

Til alle som har spurt meg om dette skal eg gi eit utfyllande svar. For det første er cocca cola eit multinasjonalt selskap som har slått seg opp på reklameføring. Ein halvliter innheld fleire sukkerbitar enn kva eg får plass til i ei hand og gir syreskader på tennene. I tillegg har dei stått for å tappe fattige lokalsamfunn, særleg i India, for vassresursar. Kvar gong nokon spør meg forskrekka om kvifor vi ikkje sel cola (og det er fleire gongar dagleg i høgsesongen) undrar eg på om den som spør har noko form for kunnskap om Langedrag og Cocca cola. Ideologien til Cocca cola og Langedrag kunne ikkje ha vore meir ulike.

For å oppsummere med nokre av Edvin sine levereglar: Naturen er vår beste læremester. Langedrag skal vere ei oppleving som set spor. Ha ærefrykt for livet! For å seie det med mine ord: Ha respekt mangfaldet i nature; både folk og dyr.

Eg slår opp i notatboka mi og ser kva som er det siste eg har skrive før eg reiste: Kvart steg vi tek etterlet seg spor – i alle fall i nysnøen. Eg kan lukte vinteren på lang avstand. Den kjem saman med røyken frå pipene. Bjørketrea har vorte bladlause og tynne, det ser ut som ein kjempe har stukke pinnar i bakken og dryssa glitter over. Eg helsa litt for ekstatisk på frosten. Det var lenge sidan siste møte. Eg skippa førre vinter og reiste med trekkfuglane til sydlige strøk. No pakkar eg sakene før Langedragsvinteren set til å ule i kapp med ulvane.

Lista Lundur – del 2

Lista Lundur – den mystiske skogen, del 2

I skogen er det pynta til fest for den spesielle 70-års jubilanten – skogen sjølv og foreininga som driv den. Fuglane flyg frå grein til grein og har synge heile natta. 35 kunstnarar sit på kne nesten usynlege i mosen, klatrar i tre for å henge opp kunstverk, samlar det siste dei trengte av materiale eller filosoferer mot skyene. Det er ikkje ei myte at kunstnarar er ute i siste sekund.

2 timar før opninga skal vi ha eit siste møte. Vi er 5 møtte. Etter 30 minutts venting trår vi til med trommer og kunngjeringar over eit mikrofonanlegg. Det ljomar gjennom bladverket, men forsøket på å få alle samla verkar berre halvvegs. 12 stykk kjem slentrande over blomsterenga. Etterpå får vi vite at absolutt alle har høyrt oss. «Vi var inne i ein flow», er unnskyldninga til ein. «Kunstverket mitt var i ferd med å drukne i innsjøen», seier ein annan.

Det er ikkje like lett å finne alle kunstverka. Difor har kvar kunstnar fått utdelt eit instrument og skal vente ved staden sin. I skogen kan vi høyre tonane frå triangel, xylofon, trommer, stemmegaffel eller panfløyte, for å nemne nokre. Dette gir eit litt ekstra preg på den mystiske skogen. I det ein høyrer fotsteg må kunstnaren spele litt ekstra. Eg sit litt gøymt bak eit tre i mosen for å sjå kva reaksjonar dei besøkjande har, også slår eg ein tone og vinkar.

Det er interessant å sjå korleis besøkjande møter kunsten. Kunst er ikkje alltid openlys. Andre sansar, gjerne heile sanseapparatet, må tre i kraft. Nokre stoggar og ser seg grundig rundt, andre snakkar kun til meg utan å sjå, eller hastar forbi medan dei spør om vegen til eit spesielt nummer på kartet.

I mitt tilfelle har eg laga dører og vindaug inn til ei anna verd. Det har blitt skapt noko av det som alt var der. Felles for alle kunstnarane er at vi har organisert, lagt til, trekt ifrå og på ein eller anna måte skapt noko magisk og mystisk av det som allereie var tilgjengelig. Det har vore ei utfordring å tre over grensa som skribent for å skape noko organisk. Dette er utan tvil noko av det artigaste eg har vore med på. I starten er det skummelt å slå ein tone for å kalle på folk – og måtte stå (eller i mitt tilfelle, sitje i mosen) for det eg har skapt. Eg har ikkje gjort noko liknande før. I det dei første besøkjande kjem gøymer eg meg litt ekstra, men sjenansen går raskt over.

Den som tar seg best til rette i «Alvelunden» min er ein collie. Han snusar rundt og er nesten oppi fanget mitt då eigaren oppdagar det og dreg i bandet. Etterpå sparkar ein liten gut til eit av mosehusa. Då ringte eg ekstra med xylifon-tonen C6 og han ser meg.

Eit voldsamt stemmekor nærmar seg. Eg høyrer gamle, unge, grove, lyse og skurring frå den berbare mikrofonen. Det er Steinar, initiativtakaren til Lista Lundur, som er på veg med ei større gruppe. Gruppa ler når dei ser meg. Det tek tid før alle er klar over kvifor dei første flirar. Eg reiser meg å går bort til Steinar. Han er guide og tek turen innom alle kunstverka for å snakke med kunstnarane.

Etter to timar i skogen er det klart for fest ved gartneriet. Utanom kunstnarane sjølv vil eg tippe der er rundt 100 besøkjande. Tapas i alle mulige former og fasongar står klart i partyteltet, musikarane tek til å spele, Steinar held tale, det vert flammeshow, meir musikk, grilling og jamsession til dei seine nattetimer.

Lista Lundur vart ein knall suksess!

DSC_5013

Lista Lundur – den magiske skogen!

Visste du at det finnast ein magisk skog på Island? Og at skogen fyller 70år omtrent på denne tida?

Det var ein gong ei opa slette. For 70 år sidan vart det planta tre på sletta. Trea klamra seg fast i vindkast og regnbyger. På kalde vinterdagar hutra og fraus dei. Dei fleste overlevde, heilt til skogbrannen kom fresande og brende dei levande. Skogrøktarane bretta opp ermane, pussa vekk oska og planta på nytt. I dag har skogen vakse seg stor! I høve denne litt spesielle 70-års dagen, for både skogen og foreininga, vert det stelt i stand ei litt annleis bursdagsfeiringa den 25.juni.

Sjå ikkje skogen for berre tre, for her kjem det til å dukke opp mykje rart mellom greinene. 35 kunstnarar, både lokale og internasjonale, har satt i gang eit unikt kunstprosjekt i Hafnarfjörður-skogen ved Hvaleyrarvatn. Både foreininga og skogen fyller 70-år og dette skal feirast.

Arbeidet er i siste fase. Opninga av «Lista Lundur – Art groove» skal vere klart om få timar. Dette imponerande skogsarealet har vore til inspirasjon og arbeidsfelt for innstallasjonane som er under rigging. Tanken bak prosjektet er at alt skal vere laga av naturlige material og at kunstnarane har funne inspirasjon frå naturen og det imponerande skogsområdet i Hafnarfjörður.

Kunstnarane kjem frå vidt ulike felt; musikarar, poetar, performance artistar, designarar, gartnarar og handverkarar. Saman har det blitt skapt noko magisk og mystisk i skogen. Prosjektet var originalt ein ide frå leiaren av skogsamfunnet i Hafnarfjörður, Steinar Björgvinsson. Kunstnaren Isabell Praher frå Austerike, samt Jökull Gunnarsson som er ansatt som skogsvoktar, er kordinatorar for prosjektet.

Den formelle opninga av “Lista Lundur” er 25 juni klokka 17.00. Då vert det live musikk, performanc, opplesing av poesi, guida tur gjennom skogen og enkel servering. Kunstverka vert ståande heile sumaren.

Velkommen til den magiske og mystiske skogen I Hafnarfjörður ved innsjøen Hvaleyrarvatn!

 

 

Gullkistan – senter for kreativitet

I Laugarvatn finnast ei lita hytte. I denne hytta har eg budd i to veker. Eit godt stykke frå storbyens larm. Laugarvatn og hytta befinn seg i landet som luktar svovel. Kvar ein kan bade til alle årstider. Utan å fryse. Det boblar under bakken du står på. Vatnet er varmt sjølv om landet er oppkalla etter is. Hallo Island!

Har det blitt ein trend at eg stadig oppheld meg på Island for å tenkje? For det er ikkje første gong eg er på artist residency her. Uansett, ein god del arbeid med tekstar har blitt gjort. Det var på tide. For eg har blitt hengande etter. Eg har akkurat klart å strukturere meg, sjå over diverse manus også er tida over. Det å drive med skriving er ein einsam og tidkrevjande prosess. Livet har kome i vegen, men no er eg i gang igjen.

Vekene på Gullkistan har vore gull (for å bruke eit dårleg ordspel). Vi har vore fire kunstnarar i den vesle hytta ved skogholtet. Fire vilt forskjellige personar som har blitt ein form for forlenga familie. I tillegg har tre andre kunstnarar budd i den ombygga hamburgersjappa rett ved, kvar residencyen også har studio. Beliggenheta til Gullkistan har vore midt i blinken. Rett ved ein liten skog. I den vesle skogen går det fleire stiar. Dei fører til fjellet, innsjøen Laugarvatnet eller baren på hostellet. Alt kva ein føler for, men det har blitt lite rangling, heldigvis. Alle serveringsstadane i Laugarvatn stengjer klokka 23.00. Om morgonen har eg kryssa den motoriserte vegen og gått til den lokale idrettshallen kvar dei har 25meter basseng utandørs. Vi har også hatt bil til disposisjon om suget etter iskrem har blitt stort. Det tar 5 minutt til iskremfabrikken.

Strukturen på denne residencyen er veldig laus i forhold til andre stadar eg har vore. Vi har disponert tida som vi vil. Det har vore lite innblanding frå dei som driv staden. For meg har dette vore ein god ting. Andre residencyar har gjerne eit opplegg/timeplan med felles middagar, møter, presentasjonar, diskusjonar også vidare. Dette er for all del bra, men opplegget på Gullkistan passa meg perfekt i denne runden. Eg var også utrulig heldig med dei andre kunstnarane. Myten om at kunstnarar kan vere vanskelege har ikkje tredd i kraft denne gang. Vi har vore ei lita gruppe som har gått godt saman.

Samtidig som eg har vore på Gullkistan – senteret for kreativitet, har eg også hatt eit anna prosjekt i tankane. Eg er ein av 35 kunstnarane som delteke i prosjektet «Lista Lundur». Her har eg måtte tenkje i heilt andre baner enn skriving. Lista Lundur går ut på at vi skal lage installasjonar av naturlig material med inspirasjon frå skogen. Dermed flytter eg ut i ein av dei få skogane her på Island den siste veka av opphaldet. Opninga av det ferdige resultatet er 25.juni. Då blir det baluba i «den magiske skogen» utanfor Hafnarfjörður, med musikarar, diktopplesing, guiding til alle kunstverka og enkel servering.

DSC_4849

DSC_4887

DSC_4894

 

 

Frå outbacken på Tenerife

 

Om eg seier Tenerife. Kva tenkjer du då? Min første tanke var typisk ferieplass: ein stad med fulle ungdommar, dvaske øldrikkande pensjonistar i bar overkropp, sal av kopierte merkevarer og bråkete utestadar, gjerne med livemusikk eller techno.

DSC_3030
Tenerife er eit ferieparadis. På hotellet Abama golf og spa bur flest kjendisar, og eg har stukke innom for å «leike» turist.

 Vel, Tenerife har alt dette. I byen Las Amerikas finn ein i hovudsak dei fulle ungdommane. Engelskmenn er mest høglytte. I Los Cristianos dei meir vaksne. Dei eldste (samt late ungdommar) køyrer rundt med motoriserte fartøy og eig gangfeltet. Går du i vegen blir det tuting og sure miner.

DSC_3105
Pass deg for desse. Det er ikkje godt å vite kven som sit i førarsetet når dei er ferdig lada.

Med masseturisme kan ein ikkje unngå dette og eg skal ikkje svartmåle Tenerife. Det er her eg bur. Dette har vore heimen min det siste året. Eg får ofte spørsmål om kvifor eg valde Tenerife. For å seie det som det er: tilfeldigheit. Eg var på mailinglista til ei lokal bedrift som trengte fjellturguide.

_20151019_175308
Fjellturguiden med Masca i bakgrunnen.

Det finnast også ei side av Tenerife ikkje alle turistane nyttar seg av. Då det kjem rundt 5 millionar kvart år, skal vi vere glade for det. Dei fleste reiser nok ein tur for å sjå Spania sitt høgaste fjell, Teide, som også er verdas tredje største vulkan. Mange reiser også for å sjå den vesle fjellandsbyen Masca, kvar eg arbeidar. Min jobb er å guide turgåarar gjennom dalføret. Kor lang tid det tar varierer. Det raskaste eg har gått med ei gruppe er 2 timar. Dette var ei skuleklasse frå Danmark med spreke 17åringar. Det lengste eg har brukt er 7 timar. Då måtte ein person, som ikkje hadde bra nok kondisjon, berast.

DSC_4633
Endeleg ser vi Atlanterhavet.

Tenerife ligg i Atlanterhavet og har eit jevnt klima heile året. Ettersom øya er bygd opp av vulkansk aktivitet er det helsemessigt bra å opphalde seg her. Det er til dømes ingen stråling frå bakken. Likevel kan det bli temmelig varmt på sommaren. Då er det også mindre turistar og ettersom mykje av lokalbefolkninga på ca 900 000 jobbar innanfor turistnæringa, kan også dei ta seg litt ferie.

Vil ein oppleve Tenerife «lokalstyle» er kanskje den første innskytelsen å leige bil. Det må ein gjerne gjere, men dei fleste tenkjer likt. Enkelte stadar slit ein med parkering. Særlig på større turiststadar og inne i byar. Ein må også vere ein god sjåfør då enkelte vegar er svært bratte og har krappare serpentinsvingar enn Trollstigen. Difor vil eg slå eit slag for den lokale Titsa-bussen. I starten kan det vere vanskelig å skjønne rutetabellen, for den er langt ifrå innlysande. Uansett, ein kjem seg over alt. Det er også ein interessant måte å reise på.

 

DSC_2997

For det er mykje å sjå. Ein passerar milevis med bananplantasjar, vulkanlandskap, grotter, tett granskog, drageblodtre, kaktuslandskap, eller ein kan sjå mandeltrea som blomstrar rundt juletider. Ein kan også gå av stadar som ser koselige ut. Fleire små landsbyar har bratte gater og små smau. Ein får køyrt over høge fjelltoppar med utsikt til naboøyene La Gomera og La Palma, og ein får oppleve kor skiftande været kan vere. Det er mange klimasoner på Tenerife (eg har høyrt alt frå 23 til 33) Været kan skifte med 1km avstand. I fjella kan det regne og vere 12 grader, medan det skyfri himmel og 27 grader i Los Cristianos.

Når eg søker på Tenerife på Kvasir, er det første resultatet eg får Tenerife: 750 hoteller – frå 196kr. Det er ikkje tvil om at mange ønskjer seg ein billig ferietur på eit allright hotell. I løpet av dei siste 10 åra har dei mest turistifiserte byane vorte fletta saman og har flytande overgangar. Nye hotellpalass er under utbygging og konstruksjonar ser ein langs vegane. På eit tidspunkt vil utbygginga få eit naturleg stopp. Uansett, tar ein turen bør ein komme seg litt rundt og forlate hotellområdet.

Eg trivast i alle fall godt i Tenerifes outback.

DSC_4383
Brua utanfor leiligheita. Fritt oversatt; for kvart besøk du foretar deg, reiser du vidare med meir kunnskap.

 

Å gå rundt på Færøyane til det går over.

Har du nokon gong forelska deg? Eg reknar med svaret er ja. Men har du nokon gong gått av ein båt midt i svarte natta utan å vite kvar du skal, men følt deg heilt trygg på at dette er riktig stad til riktig tid? Dei berømte sommarfuglane flaksar og er på veg opp halsen. Eg føler eit heftig svik mot min førre partnar og må berre seie sorry Svalbard. Eg har eit heftig crush på Færøyane. Eg har ikkje lyst til å velje mellom dykk, men satsar på at det går over. Berre eg går lenge nok.

For det er det eg skal gjere. Gå! Gå saman med mine to faste reisefølgjer dei siste tiåra, den raude ryggsekken med slitne saumar og forfattarveninna mi Veronika Erstad. Vi skal runde Færøyane før det er game over for denne gong og vi flyr tilbake til det vanlege livet.

DSC_4231
Men kvar skal vi gå? Til toppen i det fjerne?

Vi kom med båten, men reiser ikkje før vi veit kva Færøyane har å by på. Give it to me, eg vil sjå dine beste og verste sider. Du har eit rykte som uregjerleg Færøyane. Lev du opp til det?

_20151005_145953
Hallo! Er det nokon heime?

Veronika og meg finn ein taxi på kaia. Det er lurt. Vi har starta med å gå feil retning. Færøyane er lite, men vi hadde måtte gå ei stund før vi fann fram. I nattemørket køyrer vi gjennom folketomme gater. Det minner om ei scene frå ein film eg ikkje hugsar namnet på. Eller kanskje minna er ein draum som har gjort inntrykk. Eg veit ikkje, men spøkelsesbyen i denne storyen ber namnet Torshavn. Og for å gjere scena komplett: det ligg ein kyrkjegard berre få meter unna der taxien slepp oss av. Nøkkelen til husrommet ligg som avtalt i telefonboksen. Eg har ingen adresse nokon kan nå meg på, men no er dette heime.

DSC_4254
Om natta…

Regnet bankar kraftig på ruta. Vinden frå den vesle glipa i  vindauget ruskar meg i håret. Færøyane er i halvdårlig humør etter debutantnatta vår. Veronika og eg kler på oss det vi har av ulltøy og regnkle, og livets landeveg er ikkje openlys. Landskapet er endelaust. Du veit du har kome til enden når der er sjø og klipper. Dessutan har sauene laga forvirrande tråkk. Det er ikkje eit tre eller buske som har klart å sleppe unna Færøyane sitt skiftande klimahumør. Alt som har prøvd å stå rak i ryggen då det storma som verst har måtte gi etter. Berre mosen og sauene ser ut til å trivast. Om du går deg vekk på Færøyane skal du visst berre reise deg opp. Det er verkelg sant. Dei høgaste vekstane når deg til knea.

DSC_4241
Er det du som har trakka opp stien vi går på?

Til mi skrekk oppdagar eg eit menneskje blant mosen og sauene. Konkurrenten har rosa fjellbukser. Eg trudde dette skulle bli eit trekantdrama mellom Veronika, meg og Færøyane, også dukkar denne tredje kvinneskikkelse opp. Eg vil ha Færøyane for meg sjølv og gå i eigne tankar. «Kva gjer du her», spør Veronika. Anar eg eit lite vemod i stemma hennar? » Eg er symjar og har vore på stevne i Torshavn». Ho høyres ut som meg når eg er full og snakkar engelsk, difor går eg ut ifrå at ho er tysk. Dama forsvinn like raskt som ho kjem, men rundt neste sving ventar ho med oppsperra blikk. Eg trur ikkje ho taklar einsemda med Færøyane. Det er ikkje opptil meg å velje kven Færøyane tiltrekk seg, men eg satsar på at Færøyane skremmer vekk dei som ikkje passar.

DSC_4193
Oh, yeah, walk on!

Regnet stoggar, det går over til solskin, så kjem vinden som vert avløyst av tåke. Vi er nesten attende då det dukkar opp fleire regnbogar. På nokre få timar har vi hatt både vinter, vår, sumar og haust. Færøyane har humørsvingingar og alle opp – og nedturar ei heftig forelsking skal ha. Ved veis ende vert alt ramma inn av den største regnbogen eg nokon gong har sett.

DSC_4219
Veronika nyt utsikta

Vi går innom ein kafe i Torshavn eg hugsar frå ein film. Nei, vent litt, det er ifrå TV-serien om Buzz Aldrin som gjekk på fjernsyn. Vi drikk Föroya bjór og ikkje lenge etter kjem ein musikar for å rigge opp scena og teste gitaren. I løpet av bjòr nummer tre er lokalet nesten fullt. Det finnast altså folk her etter at sola har gått ned. Du må berre vere på riktig stad, og er det ein stad som riktig akkurat no så er det Torshavn – sjølve hjertet av Færøyane. Eg er klar over at eg og Færøyane har inngått eit forhold som ikkje kjem til å vare særleg lenge, dette er trass alt ei stormforelsking. Men til tonane av ein irske folkemelodi med med ei Færøysk bjòr i handa spelar det liten rolle. Det er flott akkurat slik som det er no.

 

DSC_4177
Hade bra Færøyane. Vi sjåast nok igjen. Bilde frå rutebåten til Nolsøy.